Video av nise - og sjansen for å sjå andre dyr

Nisene har vore aktive rundt oss i sommar, og mange gjestar har sett nisene på nært hold – frå kajakken eller frå land. Her er ein av videoane Håvard Tonning tok i august:

Nise (Phocaena phocaena på latin) liknar på delfin, men den er ein liten tannkval. Den blir vanligvis på størrelse med et menneske/ungdom. Nisene lever i flokk på opptil åtte stykker. Ein sjeldan gong samlast over hundre. For dei som har padla kajakk hos oss i sommar har rundt halvparten sett niser. Her er ei uhøgtidelig berekning på sannsynligheten for å sjå fuglar, dyr og skip i sommaren 2021:

Nise
50%
Sel
10%
Hegre
8%
Ørn
5%
Vannskuter
3%
Cruiseskip
2%
Spekkhoggar
0.5%

Ingen av dyra eller fuglane er farlige for kajakkpadling.