Kajakk Stryn

Padletur opp stryneelva

Kajakk Stryn

Eg padla opp Stryneelva på bursdagen. Elva byr både på småstryk, døsige områder og villmarkskjensle.

Padle i fred frå bilar og folk - tett på sentrum

Eg hadde tenkt på denne turen i mange år. Så, på bursdagen ga kona meg fri, og eg slengte kajakken på biltaket og køyrte frå Olden. Eg parkerte ved Felleskjøpet og bar kajakken bort til elva. Der ligg ei brygge, men den er privat. Sidan eg ikkje hadde allverdens tid, bestemte eg meg for å gå ut like ved brygga likevel. Problemet var at elvebreidda er oppmura, så det var halvanna meter ned. Her fekk eg bruk for både styrke, balanse og klatreerfaring. Det er sikkert enklare å sjøsette kajakken lenger ned i elva. Til venstre er ei teikning av elva, sett frå lufta. Den sørligaste delen er ikkje med i teikninga.

Dersom du leiger kajakk kan du leige hos oss (Discover Olden) sette ut kajakken på stranda der – og padle over fjorden (det tar cirka 45-60 minutt).

For å padle opp elva må du vere i din beste alder. Du må kunne padle for fullt i fem minutt uten pause. Eg padla på flødande sjø. Flødande sjø betyr at fjorden er på veg mot flo eller høgvann. Da får du litt «løft» i starten av elva.

Uansett, det er ikkje lenge før du får sterk motstand. Allereie den første svingen (sjå foto) har sterk strøm, og mange må nok snu der. Kort sagt må du padle kontinuerlig gjennom svingen, samtidig som du held kajakken på rett kurs. Tar du pause vil kajakken miste kurs og du blir dradd nedover elva. Alternativt kan du gå i land på venstre side, før svingen. Der kan du dra kajakken et par meter, og gå ut i rolige strøk. Dette har eg ikkje testa, og det avhenger nok av vassføringa.

Kajakk Stryn sentrum og oppover. 15-talet er einaste plassen der du merkar biltrafikken
kajakk stryn
Benk og bålpanne. Kajakk Stryn. Alle foto: Oddbjørn By

Eg møtte ingen kajakkfolk, og eg kan tenke meg at det er få som prøver seg på kajakk Stryneelva. Men eg møtte ein laksefiskar langs breidden, ei spretten dame som jogga og to fiskarar i robåt. Elles var det ingen folk å sjå på ekspedisjonen. Natur og fjell, eit lite strekke langs bilvegen, kyr og dyrkamark. Mykje dyrkamark.

Før Nedstryn kyrkje var strømmen såpass hard at kajakken knapt gjekk framover. Etter ein del slike stryk var det tid for å snu. Padleturen frå Felleskjøpet opp til Nedstryn kyrkje tok om lag halvanna time, med fotografering og mange stopp undervegs. Ned igjen brukte eg ein time, med mykje avslapping. Det hadde blåst opp, så eg fekk ein del motvind.

Når eg sit på Bergensbana og ser elvene tenker eg ofte: Går det an å padle opp denne elva? Erfaringa frå Stryneelva er at dersom du ser bølger, så er det veldig vanskelig å komme seg framover. Det skal lite strøm til, før kajakken står i ro.

Kajakken var av typen Riot Edge, 13 fot lang med senkekjøl. Stabil – med senkekjøl. Det går sikkert fint å padle uten kjøl og ror, for den som er erfaren. Eg valde kajakk med tanke på kva som var enkelt å få opp på biltaket.

Kajakk Stryneelva er ei stor strykeprøve og ei stor oppleving. Du bør ha solid erfaring. Har du mindre erfaring får du flotte padleopplevingar i Olden. Med tanke på tryggleik er det best å padle i lag med andre. Og med flytevest sjølsagt.

Kajakk Stryneelva juli 2021

Før Nedstryn kyrkje var strømmen såpass hard at kajakken knapt gjekk framover. Etter ein del slike stryk var det tid for å snu. Padleturen frå Felleskjøpet opp til Nedstryn kyrkje tok om lag halvanna time, med fotografering og mange stopp undervegs. Ned igjen brukte eg ein time, med mykje avslapping. Det hadde blåst opp, så eg fekk ein del motvind.

Når eg sit på Bergensbana og ser elvene tenker eg ofte: Går det an å padle opp denne elva? Erfaringa frå Stryneelva er at dersom du ser bølger, så er det veldig vanskelig å komme seg framover. Det skal lite strøm til, før kajakken står i ro.

Ei så kort skildring av turen yter ikkje rettferd for den flotte elva. Men det var kort sagt nydelig.

Ved kyrkja snudde eg
kajakk stryn
Kajakk Stryneelva juli 2021
I den første svingen kan du eventuelt dra kajakken over her, for å unngå den tunge svingen. Eller padle over, ved høgare vatn