I desember fikk eg e-post frå Nova Film i Canada. Dei spurte om hjelp til å lage reklamefilm på isen. No er filmen ferdig! Kort fortalt: Warrior lager ishockeyutstyr, og lanserer i desse dagar si aller første hockeyskøyte. Reklamen kunne vore filma i Canada/USA, men dei ville til Norden.
Bestillinga var: Speilblank is. Uten snø. Ingen skøytespor. Fjell i bakgrunnen, med snø på. Sol. Ikkje regn. Ikkje for kaldt. Ikkje for varmt. Helst vindstille, men gjerne nokre vindkast når kamera rulla.
Anders Baumberger og eg følgde med på satellittbilder, vêrmelding og lokale rapportar frå Trøndelag og sørover. Onsdag 28. januar fraus Lovatnet og Oldevatnet. Lørdag 31. januar var vi ute på Lovatnet. Isen var solid nok til å bere eit stort filmcrew. Problemet var at det blåste veggimellom.
Men dagen etter, på sjølve filmdagen, stod alle stjerner, planetar og vêrgudar på vår side. Vi starta på speilblank is på Lovatnet. Vi kunne sjå steinbotnen gjennom isen, med turkise fargetonar under oss. I bakgrunnen skein sola fram bak Ramnefjell. Og akkurat når vi trengte det, kom vindkasta som fikk ispartiklane til å fly når skøytane skar gjennom isen.
Etterpå reiste vi til Oldevatnet, der Linda frå Gryta Camping på kort varsel serverte smakfull lunsj og hjelpte til med stort og smått. Etterkvart kom også krinsmeister på skeiser frå 1963, Dagfinn, ned til isen. Gamle skøyter og nye skøyter. Gamle minne og nye minne.
Frode Grodås, kaptein sist Norge var i fotball-VM, hadde heimekontor i Hornindal, men kom heile vegen til landets flottaste innsjø for å gå på skøyter. Mens filmcrewet filma den siste scena rundt bålet ved Oldevatnet, med The Viking, Torgeir Kjeldaas, køyrte Grodås, Baumberger og eg til Loen Skylift. Der skøyta vi utover fjorden. I mi levetid har fjorden stort sett vore isfri, og i alle fall ikkje trygg nok til skøyter. Folk på fjordisen er et syn eg aldri har opplevd. No var isen solid nesten heilt til Stryn, med ein skarp kant ved Staveneset, der fjorden er omtrent 1,3 kilometer brei. Der kryssa vi fjorden, og eg gikk i land i hagen til foreldra mine.
For første gong gikk eg heim til mamma og pappa på skøyter.
Mens Baumberger og Grodås skøyta vidare innover fjorden, snørte eg av meg skøytane og innsåg:
Å gå på skøyter på fjorden har vore draumen min heile livet. Heilt sidan mamma fortalde at ho sykla over fjorden i gamle dager.
For ein dag. Ein dag eg kjem til å fortelle barna mine om. Igjen og igjen.
Kanskje ein dag står dei på Warrior-skøyter på fjorden.
Reklamefilm: Nova Film. Fotografi under: Anders Baumberger, Oddbjørn By, Linda Gytri.





