Hund i kajakk

Vi fikk spørsmål om det er greit med hund i kajakk. Ja, svarte vi (med et par små forbehold). Her ser du korleis det gikk da Frank, ein gjest var innom i juli i lag med hunden Molly. I dag sendte han video frå turen. Japansk spisshund i kajakk ser ut som ein idyll.

hund i kajakk

Vi har nokre gjestar som har hatt med hund i kajakk. Det enklaste er sjølsagt små hundar. I tillegg tilrår vi dobbelkajakk (i staden for at du har den på fanget). Da kan hunde legge seg ned om den er trøtt. Vi har ikkje redningsvest til hund, så det må du eventuelt ta med sjøl.

Risikoen for å kantre er alltid til stades, i alle fall dersom hunden ikkje liker å sitte stille. Generelt er det liten risiko for å kantre når passasjeren har låg vekt (barn eller hundar), for da påverkar passasjeren kajakken i liten grad. Dess større vekt på hund (eller menneske) dess meir kan kajakken bli påverka. I 2019 hadde vi ein person som kantra, og det samme i 2020. Da er det «berre» å snu kajakkene eller komme seg til land for å få kontroll. For urutinerte er det lurt å være i nærleiken av land.

Risikoen med hund i kajakk

Risikoen med kajakk er primært kantring (velting). Når du kantrer skjer det sjelden meir skade enn at du blir våt – men det er mange faktorar som speler inn. Dette auker risikoen for å kantre:

-Store bølger og vind
-Båtar og skip (kan skape bølger, eller speedbåtar som ikkje ser deg)
-Strøm

Om du kantrer skaper dette tryggleik:
-Å padle med andre
-Å padle nær land

Første gong med hund i kajakk bør være på ein stad utan bølger og strøm. Hos oss er det ikkje strøm og det er sjeldan bølger. Les meir her. Her kan du sjå fleire videoar av Molly