Ta gjerne ein kikk på videoane om ror og senkekjøl før du kjem. Da får du meir tid til å padle.

Dersom du har booka dobbelkajakk, ta ein kikk på den første videoen.

guidet kajakktur olden
Riot Polarity 16.5 (venstre) er vår type dobbelkajakk.

Nokre enkeltkajakkar har ror eller senkekjøl. Inuittane brukte ikkje dette, og heller ikkje eg, men nokre gjester liker å bruke det. Kajakken din har senkekjøl eller ingenting (det vanlige er å manøvrere med åra). Alle kajakkane er handplukka av meg, på grunn av god kvalitet. Les meir om dei ulike typane kajakk under videoen, det kan ha betydning dersom du er liten eller tung.

Dersom du booka enkeltkajakk kan du velge mellom typane under (avhengig av kva som er ledig når du kjem).

PS: Vi bruker ikkje spruttrekk. Med spruttrekk kan du potensielt bli sittande fast, i det svært sjeldne tilfellet at du kantrer. Uten spurttrekk vil du derimot skli ut «automatisk», med mindre du er svær overvektig. Vatnet her er vanligvis rundt 18 grader på sommaren, sjøl om fargen kan være turkis – og du får få dråpar i sittebrønnen.

Riot-kajakkane passer alle, unntatt folk over 120 kilo.  Kajakken har senkekjøl (sjå video)

Tahe Marine passer godt til alle. Den har verken ror eller senkekjøl.

Boreal Kasko passer til medium personar. Vi bruker denne uten ror.

Boreal Ookpik er best for store personar. Den liknar på Boreal Kasko, så kikk på navnet framfor sittebrønnen. Vi padler denne uten ror.