Kajakk Stryn
Padletur opp stryneelva
Kajakk Stryn
Eg padla opp Stryneelva på bursdagen. Elva byr både på småstryk, døsige områder og villmarkskjensle.
Padle i fred frå bilar og folk - tett på sentrum
Eg hadde tenkt på denne turen i mange år. Så, på bursdagen ga kona meg fri, og eg slengte kajakken på biltaket og køyrte frå Olden. Eg parkerte ved Felleskjøpet og bar kajakken bort til elva. Der ligg ei brygge, men den er privat. Sidan eg ikkje hadde allverdens tid, bestemte eg meg for å gå ut like ved brygga likevel. Problemet var at elvebreidda er oppmura, så det var halvanna meter ned. Her fekk eg bruk for både styrke, balanse og klatreerfaring. Det er sikkert enklare å sjøsette kajakken lenger ned i elva. Til venstre er ei teikning av elva, sett frå lufta. Den sørligaste delen er ikkje med i teikninga.
For å padle oppover elva må du vere i din beste alder. Du må kunne padle for fullt i fem minutt uten pause. Eg padla på flødande sjø. Flødande sjø betyr at fjorden er på veg mot flo eller høgvann. Da får du litt «løft» i starten av elva.
Uansett, det er ikkje lenge før du får sterk motstand. Allereie den første svingen (sjå foto) har sterk strøm, og mange må nok snu der. Kort sagt må du padle kontinuerlig gjennom svingen, samtidig som du held kajakken på rett kurs. Tar du pause vil kajakken miste kurs og du blir dradd nedover elva. Alternativt kan du gå i land på venstre side, før svingen. Der kan du dra kajakken et par meter, og gå ut i rolige strøk. Dette har eg ikkje testa, og det avhenger nok av vassføringa.
Eg møtte ingen kajakkfolk, og eg kan tenke meg at det er få som prøver seg på kajakk Stryneelva. Men eg møtte ein laksefiskar langs breidden, ei dame som jogga og to fiskarar i robåt. Elles var det ingen folk å sjå på ekspedisjonen. Natur og fjell, eit lite strekke langs bilvegen, kyr og dyrkamark. Mykje dyrkamark.
Før Nedstryn kyrkje var strømmen såpass hard at kajakken knapt gjekk framover. Etter ein del slike stryk var det tid for å snu. Padleturen frå Felleskjøpet opp til Nedstryn kyrkje tok om lag halvanna time, med fotografering og mange stopp undervegs. Ned igjen brukte eg ein time, med mykje avslapping. Det hadde blåst opp, så eg fekk ein del motvind.
Når eg sit på Bergensbana og ser elvene tenker eg ofte: Går det an å padle opp denne elva? Erfaringa frå Stryneelva er at dersom du ser bølger, så er det veldig vanskelig å komme seg framover. Det skal lite strøm til, før kajakken står i ro – samt dei store faremomenta det er med strøm.
Kajakken var av typen Riot Edge, 13 fot lang med senkekjøl. Stabil – med senkekjøl. Kajakk Stryneelva er ei stor strykeprøve og ei stor oppleving. Du bør ha solid erfaring og følge alle sikkerhetsrutinar.
Å kun padle nedover er også ei muligheit. Det er mange som gjer det i Gummibåtfestivalen i Stryn.
Ei så kort skildring av turen yter ikkje rettferd for den flotte elva. Men det var kort sagt nydelig.