Kajakk på Oldevatnet er som å gli gjennom eit måleri, der kvart padletak bringer deg nærare naturens storleik. Den todelt innsjøen tek deg med på ei reise gjennom majestetiske landskap og gnistrande turkist vatn.

Kajakk på Oldevatnet i starten av august. Naturen er enda meir fager i mai og juni, med meir snø på fjella. På bildet ser du brearmane frå Jostedalsbreen.

Medan du padlar, er det som om tida sakkar ned, og du kan trekke inn frisk breluft. Oldevatnet gir litt meir ro enn den travle turiststraumen i Lodalen – i alle fall i kajakken, der du stort sett har vatnet heilt for deg sjøl.

Transporten dit er enklare enn til Lovatnet på grunn av breiare bilveg og mindre kork i høgsesongen. Isbreane som kikkar fram over dei høge fjella, skaper eit imponerande bakteppe, og fjella som reiser seg over 1800 meter gir ei kjensle av å vere liten i ei verd av naturkrefter. Naturkrefter du kjenner igjen frå filmen Fedrelandet. Her kan du padle i fotspora til Jørgen, som gikk på isen i den storslagne filmen frå 2022.

Den første innsjøen i Oldedalen heiter Floen. Der er det farlig å padle. Køyr til Eide, der Oldevatnet startar. Ved Eide kan du velje mellom fleire stader langs bilvegen å starte eventyret frå. Ei klassisk rute er å byrje nord i Oldevatnet og padle heile vegen til sørenden. Men ver merksam på forholda, særleg under brua, og ver førebudd på å avbryte eller vere ekstra forsiktig om det er vind.

kajakk på oldevatnet

I sørenden av innsjøen, ved Rustøyane, er det ein ideell moglegheit til å gå i land og vente på å bli henta med bil. Alternativt kan du gå vidare til Briksdalen, berre nokre få kilometer innover i dalen.

Kajakk på Oldevatnet, Lovatnet eller andre plassar

Dei fleste plassane i området er flotte å padle. Det mest populære er fjorden (varmare vatn), Lovatnet og Oldevatnet. Personlig likar eg også vassdraga på toppen av Strynefjellet og Stryneelva (som kanskje blir oppdemma snart, dessverre). Leige av kajakk finn du her (fjorden) og her (Oru kajakk).

Sjå video av Briksdalen, laga av Håvard Tonning i Olden:

Kajakk på Oldevatnet, august 2021