På ein vanleg sommardag går fleire tusen turistar av cruiseskip og inn i Olden. Det er vanleg at lokalbefolkninga på 478 personar får besøk av 4000 turistar på ein dag. Pluss turistar i buss og bil. Nokre dagar kjem over 12 000 på same dag. Det skjedde ikkje i 2020. Det positive var at nordmenn fekk god plass til å oppleve alt Olden, Loen og Stryn har å by på. Fleire cruiseskip har avlyst seglasen for 2021, så det kan verke som at dette året også gir stor plass til å boltre seg. Besøk Olden før det blir rekordmange turistar i 2022. Vi er klare til å ta imot lokale og nasjonale gjestar.

Tips:
Pågangen av nordmenn i juli 2020 var enorm, så hugs å booke før det blir fullt – eller besøk området i mai, juni eller frå den andre veka i august. Det gjeld både booking av overnatting og oppleveringar. Vi tilbyr mellom anna guida tur og utleige av kajakk og elsykkel. Velkomen!