Vi har nokre gjestar som har hatt med hund i kajakk. Det enklaste er sjølsagt små hundar. I tillegg tilrår vi dobbelkajakk (i staden for at du har den på fanget). Da kan hunde legge seg ned om den er trøtt. Vi har ikkje redningsvest til hund, så det må du eventuelt ta med sjøl.
Risikoen for å kantre er alltid til stades, i alle fall dersom hunden ikkje liker å sitte stille. Generelt er det liten risiko for å kantre når passasjeren har låg vekt (barn eller hundar), for da påverkar passasjeren kajakken i liten grad. Dess større vekt på hund (eller menneske) dess meir kan kajakken bli påverka. I 2019 hadde vi ein person som kantra, og det samme i 2020. Da er det «berre» å snu kajakkene eller komme seg til land for å få kontroll. For urutinerte er det lurt å være i nærleiken av land.